mandag 31. mai 2010

Kvifor står dei dialektane framleis så sterkt i Noreg?

Dialektane i Noreg har vært tydelige heilt sia yngre norrøn tid (ca. 1050-ca. 1350), det blei kartlagt av Marius Hægstad på begynninga av 1900-talet. Ein av grunnane til at dialektane framleis står så sterkt i Noreg er at det alltid har vært relativt få innbyggarar som har budd spreidd. Då er det naturleg at det utviklar seg mange variantar av det same språket. I dag bur tre av fire nordmenn utanfor Oslo området og snakkar ein eller annen form for dialekt.

I Noreg står dialektane for tradisjon, samhald og identiteten vår. Men i andre land er det ikkje like godtatt å bruke dialekten sin for personar i offentlige stillingar. I Noreg kan alle bruke dialekten sin, uansett kor dei arbeidar eller bor. Dette seier mykje om kor spesielt det er med dei norske dialektane og kvifor dei norske dialektane ennå helder seg så godt.

Geografiske forhold har også hatt mye å sei når det gjeld utviklinga av dialektane. Det kallar me for geolektar. Geolektar er talemålsvariantar som høyrar til innanfor et bestemt område. I Noreg er ofte dessa områda separert av fjell eller fjordar. Nå som me kan kommunisera med alle, uansett kor dei er i landet så trur eg dialektane vil gradvis forsvinne, om ikkje heilt så i alle fall bli tona ned ein god del.



http://www.snl.no/norsk/dialekter

1 kommentar:

Elin Salvesen sa...

Gode poeng, Espen. Ein anna faktor eg trur også kan ha påverka stillinga til dialektane, er den sterke nasjonalkjensla og nasjonalromantikken på 1800-talet. Dialektane var eit motstykke til "framandspråket" dansk. Gjennom mange år, har nordmenn lært å vere stolte av talemålet sitt. Kanskje har vi heller ikkje vert så opptekne av å framstå som fine og danna, som t.d. svenskane. Nordmenn har vert stolte av å vere bønder og fiskarar med skit under neglane.